Er du modig, endringsdyktig og raus? Då håper me du les vidare og vurderar å bli med på laget vårt.
Åseral barne- og ungdomsskule søkjer etter ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar som brenn for meistring, inkludering og eit godt læringsmiljø. Me er ein skule med omlag 115 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i sentrum av Åseral, med idrettsanlegg og naturen som vår utvida læringsarena.
For skuleåret 2026-2027 vert det ledig eit vikariat i inntill 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Åseral barne- og ungdomsskule.
Som barn- og ungdomssarbeidar ved skulen vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåvene, det kan mellom anna innebere:
Kari-Anne Fosse, SFO-leiar, 90622746, Kari-Anne.Fosse@aseral.kommune.no
Jo Tore Berg, Einingsleiar/rektor, 97768787, Jo.Tore.Berg@aseral.kommune.no
Bordalsbakken 10
4540 Åseral
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5103351386
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 20.05.2026
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.