Me har ledig 60% fast stilling på natt. Stillinga vil vere ei rein nattevaktstilling. Me har årsturnus, og arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg.
I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for pasientgruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig. Du trivst i ei til tider uforutsigbar arbeidskvardag, og du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.
Du bidrar til godt arbeidsmiljø - også på natt.
Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneSjukeheimstenesta i Alver kommune består av ulike sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Knarvik Sjukeheim avdeling Helsehuset, Såta bu- og servicesenter, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har ca 200 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.