Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen. Vi søker nå etter sjukepleiar i sengepost til 60% vikariat, for tida på natt. Stillinga er ledig frå dd og med varigheit til 02.01.2028. Tiltredelse etter avtale.
I ReHabiliteringsklinikken utgreier og behandlar vi menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. På Nordås er det 33 døgnplassar fordelt på to sengepostar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som sjukepleiar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik.
Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskade-rehabilitering. Vi er tyngdepunktet for spesialisert rehabilitering i Helse Bergen. I tillegg samarbeider vi med andre aktuelle einingar i spesialisthelsetenesta og med førstelinjetenesta.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Lisbeth Helen Ebbesen Sparre, Seksjonsleiar, 55918400
Nordåsgrenda 4
5235 Rådal
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5104322996
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 26.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.