Kvinneklinikken - God start ved Lærdal sjukehus søkjer jordmor i 50 % fast stilling.
Om God Start-eininga
God start er ein del av Kvinneklinikken i Helse Førde. Vi arbeider tett saman for å sikre god kvalitet av helsetenesta for mødre, den nyfødte og den nye familien.
God start tilbyr barselomsorg, følgeteneste for gravide, svangerskapspoliklinikk samt poliklinikk for mor/barn. Avdelingen samarbeider tett med helseforetaket og kommunar for vidareutvikling av høg kvalitet av tjenester vi tilbyr.
Arbeidsstaden er i Lærdal med eit triveleg arbeidsmiljø med høg jordmorkompetanse.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ingeborg Einemo Frøysland, Seksjonsleiar God Start Barsel LSH, (+47) 57 64 02 00
Sjukehusvegen 9
6887 LÆRDAL
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5123728134
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 15.06.2026
Søknadsfrist: 01.06.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.