Fjord1 har no ledig stilling som matros i sambandet Jondal-Tørvikbygd p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferge MF Samlafjord.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i 2 veker, deretter har du 2 veker samenhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørger for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Tørvikbygd-Jondal
5956 Hundvin
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5125888219
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.