Me treng å styrka fagkompetanse på rekneskap. Me søkjer ein fagleiar for rekneskap, som vil vere med å vidareutvikle økonomifunksjonen i Årdal kommune. Stillinga er 100% fast.
Du vil få ei sentral rolle i organisasjonen og vere ein viktig støttespelar for både leiarar og tilsette i kommunen.
Ved økonomiavdelinga vil det no vere 6 årsverk. Tre rekneskap, to lønn og økonomisjef.
Tilsetting frå snarast.
Link til søknadsskjema:
Søk herNår du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !