Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søkjer ein engasjert legespesialist som vil vere med på å gjere ein reell forskjell – i eit fagmiljø der vi ser mennesket bak diagnosen, og der ressursar og meistring står i sentrum
Vi ser etter deg kan samarbeide tett med spesialistar innan fysikalsk medisin og rehabilitering, psykiatri, sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, arbeidsretta tiltak, ernæring, idrettspedagogikk, logopedi og miljøterapi. Du bidreg med din spisskompetanse i klinisk praksis og tverrfaglege vurderingar -- og får vere med på systematisk fagutvikling
I tillegg har du;
Norsk autorisasjon som lege
Spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, nevrologi eller anna relevant spesialitet
Legar i spesialisering (LIS) og kandidatar med relevant erfaring vil også bli vurderte
Interesse for rehabilitering og tverrfagleg arbeid
Gode norskferdigheiter (minimum C1)
God IKT-kompetanse
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a
Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid
Medisinske vurderingar og journalføring
Undervisning og rettleiing
Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid
Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetar
Familievennleg dagstilling, utan vakter eller helgearbeid
God fleksibilitet i arbeidskvardagen, med moglegheit for individuelle tilpassingar
Eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid og regelmessig internundervisning
Gode moglegheiter for fagleg utvikling: kurs, vidareutdanning, hospitering og forsking
Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
Hjelp til bustad og gode velferdstilbod
Ein jobb med meining -- i naturskjønne omgjevnader
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Vi har omlag 75 årsverk, av desse er 3,0 legestillingar. Det kjem årleg kring 1000 pasientar til behandling individuelt eller på gruppe, fordelt på ni ulike ytingar; kreft, nevrologiske og nevromuskulære sjukdomar, hjerneslag og erverva hjerneskade, sanseforstyrringar, samansette og komplekse tilstander, sjukeleg overvekt, kroniske muskel- og bløtdelssmerter og arbeidsretta behandling. I tillegg har vi gruppetilbod for barn og unge innan ytinga tilpassa fysisk aktivitet, familie og utdanning.
Institusjonen har gode fasilitetar for varierte aktivitetar både inne og ute. Vi ligg ved fjorden, omkransa av fjell og flott natur. Det er mange turløyper for ulike funksjonsnivå i området, som er ideelt som utgangspunkt for både aktivitet og avkopling.