Ønsker du deg ein fagleg engasjerande, variert og meiningsfull jobb på ein poliklinikk med eit godt arbeidsmiljø? Likar du å jobbe sjølvstendig med god støtte frå fagleg kompetente medarbeidarar? Er du løysingsorientert og opptatt av å ha det kjekt på jobb sjølv om arbeidskvardagen kan vere travel? Då er du rett person for oss! Vi har ledig 100% vikariat for psykolog som vi oppmodar deg til å søke på.
BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Poliklinikken har ca. 26 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring. BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod. Vi er organisert i to geografiske team, noko som gjer at alle får erfaring med utgreiing og behandling av alle typar psykiske lidingar og nevroutviklingsforstyrringar i heile aldersspekteret.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Linda Helen Knudsen Flygel, Seksjonsleiar, 55978000
Østre Nesttunvegen 20
5221 Nesttun
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5122264418
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.