Er du samfunnsengasjert og ønskjer å jobbe saman med frivillig sektor? No er det ledig stilling som dagleg leiar for Leikanger frivilligsentral. Me treng ein motivert dagleg leiar som kan koordinere aktivitetar, vere motor for samarbeid med frivilligheita og delta aktivt i utviklinga av lokalsamfunnet.
Frivilligsentralen på Leikanger skal vere ein viktig lokal møteplass i dei nyrenoverte lokala på Saften, saman med bibliotek, ungdomsklubb, kantine/kafé, kulturtilbod, idrettstilbod og kontor for kommuneadministrasjonen. Denne samlokasjonen gir spanande moglegheiter!
Frivilligsentralane i Sogndal kommune blir i desse dagar ein del av BUA utstyrssentral. Ein viktig del av jobben vil vere å vidareutvikle dette i samarbeid med frivilligsentralane i Sogndal og Balestrand.
Me søkjer difor deg som er kreativ og glad i menneske. Du likar å koordinere og samarbeide med folk, og ønskjer å utvikle tilbod som gjer Leikanger til ein endå betre stad å bu og leve. Du må ønskje å jobbe på tvers av kommunale tenester og andre lokale aktørar, ikkje minst for å bidra til at Saften blir ein stad for liv og røre frå morgon til kveld.
Dagleg leiar kjem til å jobbe tett med dei andre frivilligsentralane i kommunen og ha ei viktig rolle i kommunen sitt tverrfaglege team for frivillig arbeid.
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837