Er du interessert i kart, geodata og digitale løysingar – og vil jobbe med noko som verkeleg betyr noko for folk i kvardagen? Kvinnherad kommune søkjer no ein geodataansvarleg til arbeid med vatn og avløp, der du får kombinasjonsarbeid, systemansvar og samarbeid i eit godt fagmiljø.
Vi ser helst at du har utdanning som ingeniør innan oppmåling og/eller geodata/GIS, samt erfaring innan vass og -avløpsanlegg.
Andre med relevant utdanning/erfaring vil også verta vurdert.
Kjennskap til programvare frå Volue (Gemini VA, Gemini Terreng og Gemini Portal+) vil være en fordel.
Søkjar må ha førarkort kl B.
For stillinga er det viktig å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevne, være systematisk og ansvarsbevisst.
Kunna jobbe sjølvstendig og har god erfaring med bruk av digitalt verktøy.
Den som vert tilsett må kunne beherska norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting.
Det er ynskjeleg at søkjar oppgjer referansar som evt. kan kontaktast.
Andre fordelere
Kvinnherad kommune er ein av utvalde distriktskommunar der ein kan søkja om å få sletta inntil 25 000,- av studielånet sitt på gitte vilkår.
For mer informasjon
sjå herLink til søknadsskjema:
Søk herKvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet