Det er ledig ei fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Os Gymnas. Skulen ligg sentralt plassert i Os sentrum og har om lag 300 elevar, med eit aktivt og inkluderande skulemiljø. Skulebygget omfatter om lag 4900 kvadratmeter.
Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.
Den som vert tilsett, vil få opplæring i drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg.
Administrasjonsspråket i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Men van Nguyen, områdeleiar, 93230556
Gymnasvegen 85
5200 Os
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5142819799
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.