Svingen barnehage har ledige 100 % fast stilling som barnehagelærar frå hausten 2026
Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og vil til hausten 2026 ha fire avdelingar med totalt .
Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Alle barnehagane og skulane i Fitjar kommune skal delta her. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø.
Barnehagelærar
Eventuell anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk på 60 studiepoeng.
God IKT kompetanse
Gi omsorg og støtte til barn i alderen 0-6 år
Utvikle, støtte og rettleie barns leik
Bidra til å skape aktivitetar i kvardagen saman med barna
Bidra med det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna
Samarbeid med føresette
Er påliteleg, stabil og ansvarsfull
Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse
Står trygt i deg sjølv og handlar ut frå barns beste
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere open, ærleg og reflektert
Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede
Trivst med å vere ute store delar av dagen, uavhengig av ver og årstid
Godt, trygt arbeidsmiljø med imøtekomande tilsette som bryr seg om kvarandre og barna sitt beste
Lønns- og pensjonsavtale i tråd med hovudtariffavtalen
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Søknadsskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV.
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Meir informasjon finn du på: https://www.fitjar.kommune.no/tenester/barn-skule-og-familie