Norsk MS-register og biobank er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister som har som formål å samle inn, forvalte og analysere data om personar som lever med multippel sklerose (MS) i Noreg. Registeret har svært høg tilslutningsgrad og er ein sentral aktør innan kvalitetsforbetringsarbeid og registerbasert forsking.
MS-registeret er klassifisert på høgaste nivå blant dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera. Registeret har tett samarbeid med alle nevrologiske avdelingar i landet og deltek i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, både med og utan kopling til sentrale helseregister og data frå befolkningsundersøkingar.
Registeret har i dag fem tilsette: fagleg og dagleg leiar (statistikar), opplæringsansvarleg og to prosjektmedarbeidarar med hovudansvar for kvalitetsforbetringsprosjekt.
For å styrkje analysekapasiteten i registeret søkjer vi no ein statistikar i 50 % fast stilling.
Den som blir tilsett vil ha ei sentral rolle i det statistiske arbeidet i registeret.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Torhild Næss Vedeler, Direktør, +47 92808867
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5137504318
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 12.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.