Ved BUP Nordhordland er det ledig fast stilling for psykologspesialist/psykolog. Det blir søkt etter spesialist i klinisk psykologi for barn og unge, men psykologar kan også søke. Stillinga er ledig frå 19.08.26.
BUP Nordhordland held til i Knarvik og gjev tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er i overkant av 8000 barn i opptaksområdet, som består av kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen og Modalen. I tillegg til utredning og individuell terapi legg vi vekt på gruppebehandling og psykoedukasjon til både barn og foreldra deira. Vi ligg naturskjønt til, og ein del av behandlinga kan også vere arenafleksibel.
Vi er ein poliklinikk med 20 gode kollegaer i eit tverrfagleg godt fellesskap. Vi arbeider etter kunnskapsbaserte metodar og har eit tett samarbeid med førstelinetenesta og andre relevante etatar. Vi held til i flotte lokale i Region Nordhordland Helsehus, og er samlokalisert med mellom andre Knarvik Allmennpsykiatriske poliklinikk, fleire andre seksjonar frå Helse Bergen og mange kommunale instansar. I det seks etasjar høge huset ligg alt til rette for mykje godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
Vi ligg plassert ca 30 minuttar frå Bergen sentrum, og det går ekspressbuss 4 gonger i timen i rushtida. Det går og snøggbåt frå Strandkaien som tar deg like til oss på Knarvik. Det er ein flott tur og ein god start på dagen.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Monica Sture, Seksjonsleiar, +4799027253, monica.sture@helse-bergen.no
Kvassnesvegen 40
5914 Isdalstø
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5137972767
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.