Fjord kommune har ledige stillingar i SFO på Valldal skule som barne- og ungdomsarbeidar. Vi har ledig inntil to (2), 100% stillingar der den eine er fast. Oppstart 01.08.2026 - 31.07.2027 (vikariat).
Har du lyst til å prøve ut noko nytt i ein periode eller er på jakt etter noko fast kan du sende inn ein søknad. Det kan vere at du er interessert i ei utdanning som er retta mot barn og unge, men er usikker på om det passar for deg. Da er dette sjansen til å prøve seg.
Stillingane er dels i SFO og dels i skulen.
Vil du lese meir om Valldal skule kan du gå inn på heimesida vår ved å trykke på linken: Barnehage og skule - Fjord kommune
Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju
I arbeid med barn og unge treng vi personar som er ein trygg og god vaksen. Du må vere tålmodig, nysgjerrig og lærevillig i samspelet med barna. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig, visar initiativ og ikkje lar seg stresse i hektiske og uoversiktlege situasjonar. I tillegg til godt samspel med barn og unge er det også viktig at du skapar gode relasjonar til kollega og foreldre.
Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, +47 41867841
Skulebrauta 48
6210 VALLDAL
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune
Referansenr.: 5140598081
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.06.2026
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no