Til barnehagen vår på Hovden treng vi 1 barnehagelærar i 100% fast stilling frå 10.08.26
Barnehagane i Bykle er arbeidsplassar kor dagane preges av mykje humor og glede. Du vil få ein innhaldsrik kvardag, der du gjer mykje av deg sjølv og dine kunnskapar. Barnehagen har stort fokus på vaksenrolla og fagleg utvikling.
Vi har auke i barnetal og treng fleire tilsette på laget vårt
Vi er mykje ute i flott norsk høgfjellsnatur, heile året. Vi har store uteområder og nyttar oss av gymsal og symjebasseng og anna kommunen har å tilby.
Hos oss ønskjer vi å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring!
Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg
Arbeidsoppgåver
- Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap
- Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen
- Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik
- Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar
- Vere ein god rollemodell og rettleiar
- Fylje til einkvar tid gjeldande lovar, forskriftar og planar for barnehage
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning
- Fagleg sterk og kunne omdanne teori til praksis
- God på å bygge og ivareta relasjonar
- Jobbar målretta, strukturert og leiar utviklingsarbeid og pedagogiske prosessar
- Initiativrik, og er god til å inspirere og motivere andre
- Autoritativ vaksenstil, med evne til å skape gode interaksjonar
- Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål
Personlege eigenskapar
- Du tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide
- Du er leiken og har humor.
- Du er god på å organisere, improvisere og finne gode løysingar
- Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar
- Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette
- Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert
- Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder
- Jobben er perfekt for deg som liker å vere ute og er glad i ski- og friluftsaktivitetar
PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST
Vi tilbyr
- Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe
- Høg pedagogtettheit
- Fokus på fagleg utvikling
- Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Kommunen har flyttegodtgjersle
- Gode treningsområde inne og ute, sommar som vinter
- Bedriftsleilighet i Kristiansand i tillegg til hytte ved sjøen om sommaren
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
- Bykle er ein distrikskommune og ein får etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i 1 år avskriving på studielån på kr 25 000,- per år
Andre opplysningar
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Gyldig politiattest må fremsynas før tiltreiing
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.Kontaktinformasjon
Caroline Rysstad, Tjenesteleder, 93421494
Arbeidssted
Skulevegen 31
4755 Hovden i Setesdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bykle
Referansenr.: 5112494227
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026