Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Vi har vel 2.000 studentar og om lag 200 tilsette.
Fagskulen Vestland har åtte studiestadar rundt om i Vestland fylke – Bergen (Nygård og Nordnes), Stord, Voss, Austevoll, Hjeltnes, Førde og Måløy.
Les mer her: fagskulen.no.
Fagskulen Vestland har fleksible etter- og videreutdanningar for fagarbeidare, samt utdanningar som fører fram til ei fagskulegrad.
Studentane er vaksne, har fagbrev og/eller allsidig kompetanse når dei tar høgare yrkesfagleg utdanning.
Stillinga vil ha kontorstad Bergen, noko reiseaktivitet må påreknast.
Undervisninga vil være knytt til helse og oppvekstavdelinga. Ei stor del av stillinga vil være knytt til utdanning innan sterilforsyning og smittvern, med utdanning av sterilforsyningsteknikare.
Du kan lese meir om utdanninga her:
https://www.fagskulen.no/utdanning/helse-og-oppvekst/sterilforsyning-og-smittevern-i-helsetenesta/
https://www.fagskulen.no/nyheiter/med-fagskulen-blei-ho-spesialisert-i-pasienttryggleik/
Deler av stillinga vil kunne være knytt til andre oppgåver innan undervisning, prosjektarbeid, utviklingsarbeid, etc. ved dei andre utdanningane ved avdelinga.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jf. Lov om høyere yrkesfaglig
utdanning
For søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk kompetanse, legg skolen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga. Eventuell pedagogisk utdanning må startast innan 3 år etter tilsetjing.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast må leggje fram godkjent politiattest
Mariann Hovland, Utdanningsleiar, 98819588
Haugeveien 28
5005 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5122415239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.