Avd. Studalen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Avdelinga er ein del av Tunet burettlag, og høyrer til VESTBO, Vestlandske Boligbyggelag. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.
Studalen sin visjon er;
Gode relasjonar skapar trivsel og meistring. Overordna mål er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling.
Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt ut i frå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.
Det er ledig fast 100% stilling for vernepleiar i Studalen bufellesskap frå 01.09.26. Stillinga er i turnus dag/kveld med langvakter kvar fjerde helg.
Fagleg ansvar i avdelinga
Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse
Evaluere mål og tiltak
Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og legga til rette miljøarbeid utifrå desse
Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.
Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet
Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak
Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette
Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon, og rettleia anna personale i høve dokumentasjon
Kjenna til og bruka avdelinga sine prosedyrar, og gjera dei kjent for andre medarbeidarar
Ansvar for å vurdera behovet for kontakt med andre instansar/ samarbeidspartnarar (til dømes Habiliteringstenesta, ergo/fysioterapitenesta m.m.)
Vernepleiar får ansvar for fagkoordinator sine oppgåver når denne er fråverande.
Avdelingsleiar kan delegere andre oppgåver
Autorisert vernepleiar.
Førarkort kl B.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Ragnhild Dale, tlf 489 90 905 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.