Vil du lage god, sunn og berekraftig mat – og trivast med ein variert arbeidskvardag med både à la carte, buffet og catering?
Spise Sammen Sogndal søkjer ein engasjert og sjølvstendig kokk til teamet vårt på campus.
Etter ei omfattande oppgradering av serveringstilbodet har vi no eit moderne og variert konsept. Vi tilbyr mellom anna ferskbakt pizza på bestilling frå vårt nye pizzahjørne, eit breitt varmmattilbod med både buffet og middagsrettar, samt eit betydeleg volum av møte- og cateringbestillingar internt på campus.
Som kokk hos oss får du ein variert arbeidskvardag med både produksjon, planlegging og gjennomføring av bestillingar. Du vil jobbe tett med kollegaer og leiar for å sikre høg kvalitet og gode matopplevingar for kundane våre.
Hos oss får du føreseielege arbeidstider måndag–fredag, sesongbaserte feriar og eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.
Studentsamskipnaden på Vestlandet driv bustader, barnehager, treningssentre, kafear, helsetilbod samt karriere- og rådgivningstjenester for 40 000 studentar.
Vi er eit sjølvstendig selskap som rapporterer til Kunnskapsdepartementet. Vi skal saman med utdanningsinstitusjonane tilby studentane på Vestlandet eit godt og tilpassa velferdstilbod.
Vi er lokalisert i Bergen, Sogndal, Førde, Haugesund og på Stord og har over 500 ansatte som kvar dag jobbar for at studentane skal ha eit godt velferdstilbod.
Vår visjon er "Gode studentliv for en ansvarlig fremtid".
Verdi: VI BRYR OSS!
Saman som organisasjon er oppteken av mangfald, likestilling og inkludering, og vi ønskjer å skape eit arbeidsmiljø der alle skal oppleve at dei har like moglegheiter og føler seg ivaretekne og verdsette.