Vaksdal kommune søkjer ein fagleg sterk og engasjert kommuneoverlege i 50 % stilling. Kommuneoverlegen er kommunen sin øvste medisinskfaglege rådgjevar og er organisatorisk plassert direkte under kommunedirektøren.
Stillinga har ei sentral rolle i utviklinga av kommunen sitt samfunnsmedisinske arbeid, og gir gode moglegheiter til å påverke både strategisk og operativt nivå.
Det er høve til å kombinere stillinga med offentleg allmennmedisinsk arbeid i kommunen.
Andre delegerte oppgåver frå kommunedirektør
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.