Fjord1 ser etter ein maskinsjef til eit engasjement med attraktiv sjøvaktordning: 1 veker på, 2 veker av. På sommaren går du 2 på, 4 av.
Her får du ein familievennleg turnus der du har fri store delar av året. Vi tilbyr også konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og velferdsordningar. Reisekostnader til/frå jobb vert dekka.
Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. I dag trafikkerar fartøyet MF Losna sambandet, men i løpet av 2027 tar ei nybyd el-ferge over.
Engasjementet vil ha ein varighet på 3-6 månedar, med store moglegheiter for fast tilsetting deretter.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Krakhellevegen 2211
6926 Krakhella
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5111064114
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 10.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.