Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spennande fase og selskapet ønsker å bygge og vidareutvikle kompetanse innan fagområdet el.installasjon på skip.
Ein av suksessfaktorane for stillinga vil vere å ha gode samarbeidsevner, ønsker om å bidra til eit positivt arbeidsmiljø i tillegg til å utvikle eigen kompetanse innan elektrofaget.
Kandidatar vurderast fortløpande.
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
Katrine Sundal, Personalkoordinator, +47 70008820
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon AS
Referansenr.: 5144146501
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.