Vi har no ei spanande stilling i 50-80% for ein engasjert sjukepleiar som ønskjer å arbeide natt, og som vil gje pasientane gode og trygge tenester når resten av verda søv. Hos oss vil du få ein viktig rolle i å sikre kontinuitet, ro og kvalitet i oppfølginga gjennom natta.
Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg og som sjukepleiar vil du få eit funksjonstillegg for arbeid på natt. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg også 10 000 over tariff.
Knarvik sjukeheim er lokalisert sentralt i Knarvik. Stillinga er organisert under avdeling 3 , men på natt vil ein ha arbeidsstad på alle avdelingane ved sjukeheimen.
Knarvik sjukeheim har 3 avdelingar:
For oss er det viktig at alle pasientane får riktige og hensiktsmessige tenester, god pleie og omsorg.
På korttidsplassane er det pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. Derfor arbeider vi tverrfagleg, i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Eit viktig fokusområde for når ein arbeider på natt er at vi skal bidra heile døgnet med å følge opp pasienten sine tiltaksplaner, og med det sikre at pasientene får riktig og hensiktsmessige tenester.
Avdelinga har eit aktivt miljø og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøyde.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneSjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såtabu bu-og servicesenter. Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim og Velferdssenteret på Manger.
Sjukeheimstenesta har plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og organisert i sjukeheimstenesta.