Fjell ungdomsskule er ein interessant og utfordrande arbeidsstad som er i stadig utvikling. Skulen er ein MOT-skule og har om lag 520 elevar og 70 tilsette. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og tilpassa opplæring skal gje elevane høve til fagleg og personleg utvikling i eit miljø der alle tek ansvar for fellesskapet. Vi er i spanande prosessar med planlegging av nytt skulebygg som skal stå ferdig hausten 2028.
Planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar som fremjar leik, læring og sosial utvikling.
Vere ein trygg vaksenperson som gir støtte og rettleiing til enkeltborn og grupper.
Leggje til rette for at born og unge opplever eit positivt fellesskap og lærer å samhandle med andre.
Delta aktiv i leik, og leggje til rette for læring gjennom ulike aktivitetar som drama, musikk, forming og friluftsliv.
Hjelpe til med praktiske gjeremål som stell, påkledning og mat.
Halde god kontakt med foreldre og samarbeida tett med andre tilsette for å sikra ungdommen sitt beste.
Tilpassa aktivitetar og tilnærmingar til unge med ulike behov og føresetningar.
Vurdera og dokumentera borna si utvikling og framgong.
Hjelpa til i skulefritidsordninga for ungdom.
Stillinga er 100 % med 11 % trekk grunna at arbeidstida følgjer skuleruta.
Bente Lervik Kleppe
bente.lervik@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herØygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.