Time kommune er ein av regionens mest spennande vekstkommunar, med høg utviklingstakt, sterke fagmiljø og eit tydeleg mål om gode tenester til innbyggjarane. Her jobbar vi tett på både menneske og samfunnsutvikling, og du får ein arbeidskvardag der innsatsen din gjer ein forskjell kvar einaste dag.
I byggesaksavdelinga er vi ein fagleg sterk og engasjert gjeng som jobbar med alt frå mindre tiltak til komplekse byggesaker. Vi samarbeider tett med innbyggjarar, utbyggjarar og kollegaer på tvers av fag, og er opptekne av kvalitet, effektivitet og gode løysingar.
Kva går jobben ut på?
Som byggesaksbehandlar vil du få ei sentral rolle i kommunen si samfunnsutvikling. Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar mellom anna:
Hos oss jobber du både sjølvstendig og i team, og du får høve til å påverke korleis vi løyser oppgåvene framover.
No ser vi etter deg som vil vere med på laget – ein som kan «score vedtak» med same presisjon, gjennomføringsevne og tryggleik som Erling Braut Haaland scorar mål. Er du klar til å score ditt neste vedtak?
Vi er opptekne av kompetansen din, men også av kven du er og kva du kan bidra med. Difor er vi opne for kandidatar med ulik fagleg bakgrunn, til dømes innan:
Du bør ha relevant utdanning på bachelor- eller masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglende formell utdanning.
Erfaring frå offentleg sektor eller frå arbeid med byggesøknader (til dømes som søkjar) vil vere ein fordel. Erfaring eller kompetanse med kart, matrikkelføring, geodata, digitaliseringsarbeid er og relevant.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Svein Harald Dyngen, Avdelingsleder plan og forvaltning, svein.harald.dyngen@time.kommune.no
Arne Garborgs veg 30
4340 BRYNE
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5138574663
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 17.06.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.