UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Geofysisk Institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og dekkjer ein stor del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der fokuset er på å samanfatte grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs. Stillinga er finansiert av EU og knytt til prosjektet ERC Consolidator Grant Data-Driven Approaches in Computational Mechanics for the Aerohydroelastic Analysis of Offshore Wind Turbines - DATA-DRIVEN OFFSHORE (Grant agreement ID: 101083157).
Vindkraft til havs er avgjerande for å oppnå måla til The European Green Deal. Sjølv om offshore vindkraft er eit felt som har vakse og modna, krev teknologien eit paradigmeskifte for å sikra den berekraftige utviklinga dei neste åra. En veg for å oppnå dette paradigmeskiftet er fokusert på utviklinga av datadriven berekningsmekanikk. Forskingsaktivitetane knytt til denne stillinga følgjer utviklinga av matematiske metodar og numeriske prosedyrar for datadriven berekningsmekanikk som seinare vil bli brukt til aerohydroelastisk analyse av offshore vindturbinar. Denne nye tilnærminga tillèt å inkludere eksperimentelle data i simuleringa til systemet. Dei vanlege likningane må bli justert slik at ein kan erstatte turbinbelastning, grenseføresetnadar og materialmodellar gjennom eksperimentelle data. Forskinga knytt til stillinga har og som mål å ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø innan BOW og GFI. Det er forventa at resultatet av denne forskinga vil bli publisert i høgt rangerte tidsskrift.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik svare til 25 % av tida kvart år.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du
fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Cristian G. Gebhardt, Geofysisk Institutt og Bergen Offshore Wind Centre, e-post: cristian.gebhardt@uib.no, tel.: +47 55 58 26 23 eller forsker Bruno A. Roccia, Geofysisk institutt Bruno.Roccia@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Asbjørn Rønningstad Sæther, e-mail asbjorn.sather@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.