Brattvåg ungdomsskule søkjer to engasjerte og dyktige lærarar – ei 100 % fast stilling og ei 70 % stilling i vikariat – frå og med skuleåret 2026/27. Stillingane kan innehalde kontaktlæraransvar.
Vi ønskjer oss særleg søkjarar med norskkompetanse, gjerne i kombinasjon med kunst og handverk. Andre relevante fagkombinasjonar kan òg bli vurderte.
Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, i nærleiken av Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Skulen har om lag 150 elevar og 22 tilsette. Elevane kjem frå Brattvåg, Søvik, Hildre og Grytastranda. Skulen er ein dysleksivennleg skule og nyttar nynorsk som opplæringsmål. Elevane har 1:1-dekning med PC, frå hausten 2026 innførast Itslearning som ny læringsplattform ved skulen.
Vi ser etter deg som er engasjert, trygg og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for ungdom. Du er ein tydeleg klasseleiar med gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse. Ved Brattvåg ungdomsskule legg vi stor vekt på godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og høg trivsel – både for elevar og tilsette.
I Haram kommune er gode og heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptekne av å arbeide på tvers av tenestene for å skape robuste og samanhengande tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Ønskjer du å vere med og forme framtida til ungdommane i Haram?
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Lars Flem Åkre, Rektor, 95861787, lars.flem.akre@haram.kommune.no
Dalevegen 50
6270 Brattvåg
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5122160331
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 24.05.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.