Vil du bidra til ein trygg og god skulekvardag?
Bremnes ungdomsskule har ledig 70% stilling som miljøarbeidar, der 50% er fast, resten mellombels.
Me søkjer ein omsorgsfull og trygg miljøarbeidar som skal gi individuell tilrettelegging og oppfølging i skulekvardagen.
Bremnes ungdomsskule (BUS) er ein moderne og attraktiv skule, sentralt plassert på Leite på Bremnes, vegg i vegg med Bømlo symjehall og sentralidrettsanlegget. Skulen har 365 elevar og 60 tilsette. Ved BUS er det gode rammer for ein trygg og inkluderande skulekvardag, der vi arbeider saman for trivsel, meistring og fagleg utvikling. Elevane ved BUS kjem frå fem barneskular: Svortland skule, Rubbestadneset skule, Meling skule, Gilje skule og Våge skule.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav:
Ønska kvalifikasjonar:
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd, Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor ved Bremnes ungdomsskule Christin Klubben.
Christin Klubben, Rektor, +47 957 74 456, christin.klubben@bomlo.kommune.no
Idrettsvegen 91
5430 Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5120897176
Stillingsprosent: 70%
Anna
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 14.05.2026
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
ForsikringBømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.