Fjord kommune søkjer dyktig og engasjert medarbeidar med relevant utdanning og erfaring innan rekneskap, lønn og fakturering. Er du glad i å arbeide med tal og har lyst til å vere med på digitaliseringa av økonomifunksjon i Fjord kommune er dette ei stilling du må søkje på.
Fjord kommune har ledig 100% fast stilling som økonomikonsulent frå juni eller etter avtale.
Som tilsett vil du føre rekneskap etter gjeldande regelverk. Du vil delta i utarbeiding av rutinebeskrivelsar og dokumentasjon og vil bidra med å planlegge og gjennomføre løpande rekneskapsføring. Du vil ha ei medvirkande rolle i arbeidsflyt og økonomisk oppfølging ute hos einingane. Det kan vere aktuelt med oppgåver innanfor lønn og HR.
Kommunen brukar Visma Enterprise som sitt økonomisystem. Dette inkluderer budsjett, økonomi, fakturabehandling, fakturering, e-handel og lønn. Du som tilsett vil vere superbrukar i Visma Enterprise.
Økonomikontoret er i dag organisert med ein økonomisjef, fagleiar rekneskap, økonomi- og lønnskonsulent og fagansvarleg lønn. Avdelinga arbeidar tett med personalavdelinga og er lokalisert på Rådhuset i Valldal. Kommunen har nynorsk som målform.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr spennande og varierte oppgåver, der vi ønskar å legge til rette for ei fagleg utvikling. Du vil kome til ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
Fjord kommune har god pensjonsordning gjennom KLP. Tilsetting vil skje etter gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Lønn i samsvar med kompetanse og praksis.
Fleksitid
Dag Olav Tennfjord, Økonomisjef, +47 97175730
Olavsgata 10
6210 Valldal
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 5121707363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 19.05.2026
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no