I butikkene våre i Knarvik og på Radøy jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar. Vi søkjer ein engasjert og dyktig kollega – er dette deg?
Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 14 timar i gjennomsnitt per veke. Du treng ingen forkunnskapar så lenge du har lyst til å lære!
Vi er først og fremst trivelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Målfrid Hermansen på tlf. 91 75 69 70 eller e-post malfrid.hermansen@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.
Søknadsfrist: 01.05.2026
I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn
Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.
Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)
Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20.
Vinmonopolet er samfunnets viktigste virkemiddel for ansvarlig salg av alkohol. Vi er verdens største vinbutikk med drøyt 35 000 produkter og har enerett på salg av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidere fordelt på nærmere 350 butikker, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil være med å opprettholde vårt gode omdømme og bidra til at vi forblir en faghandel i verdensklasse.Dette gjør vi gjennom kundemøter preget av fagkunnskap, god service og ansvarlighet. I tillegg vil du være en viktig brikke inn i arbeidet med å gjøre Vinmonopolet til en foregangsvirksomhet på bærekraft. Vi skal være rå på fag, stolt hver dag og best sammen som lag.