Austrheim kulturskule har ledig eit 15% vikariat som kulturskulelærar i visuelle kunstfag. Vi ønskjer oss ein kollega som har undervisningskompetanse i design og visuelle kunstfag. Undervisninga vil vere i kulturskulen sine undervisningslokale.
Vikariatet er frå 01.08.2026 til 31.07.2027. Stillinga vil vera ein del av Austrheim kulturskule, med til saman 8 tilsette og ca. 120 elevplassar.
Stillinga skal bidra til å gje born og unge eit inkluderande, kreativt og fagleg godt undervisningstilbod innan visuelle kunstfag, samt bidra til utvikling av kulturskulen sitt fagmiljø og fagtilbod.
Samarbeid med føresette og kollegaer ved behov
Vi ser etter deg som har...
Om du i tillegg er pålitleg, fleksibel og likar å spreie litt humor og glede på arbeidsplassen, er du akkurat den vi leiter etter!
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgAustrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!