Stryn kulturhus er lokalisert i Stryn sentrum og er ein sentral møtestad for kultur og fritidsaktivitetar i Stryn kommune. Kulturhuset har kino, kultursal og ein symjehall. Den daglege drifta handlar hovudsakleg om konferanse og utleige av møterom, kinoforestillingar og kulturarrangement, samt diverse kiosk og kaffibardrift.
Utlysinga gjeld deltidsstilling på ca.20% som vil inngå i turnusplan på kulturhuset med arbeid på kveld og helg. Næraste overordna er leiar av kulturhuset. Kulturhuset høyrer til under kulturavdelinga i etat for samfunnsutvikling.
- Ansvar for klargjering av kultursal, foajé og møterom i kulturhuset
- Billettsal
- Kaffibar og kiosksal
- Klargjering og køyring av kino
- Ellers anna nødvendig arbeid knytt til drift av kulturhuset
Vi oppfordrar deg som fattar interesse for stillinga om å ta kontakt med kulturhusleiar for nærare informasjon om stillinga og arbeidsplan.
- God data og IKT-kompetanse
- Erfaring og/eller fagbrev frå servicebransjen er ein fordel men ikkje eit krav.
- God norskkunnskap, både skriftleg og muntleg
- Må kunne jobbe sjølvstendig i eit til tider hektisk miljø
- Har evne til å skape gode relasjonar
- Positiv og serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Løn etter avtale.
Kåre Bruvoll Alme , kulturhusleiar, 94277853
Perhusvegen 33
6783 Stryn
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5124672670
Stillingsprosent: 22%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn