Frå 1.august 2026 er det ledig frå 60 til 100 % fast stilling i programfag på teknologi og industrifag. Ved tilsetjing i 100 % stilling vil delar av undervisninga vere i Sandeid fengsel.
Krav til stillinga:
Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert.
Ved skulen er det ma. behov for auka kompetanse i CNC-maskinering, Pneumatikk og hydraulikk, styringsteknikk. Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er naudsynt.
For stillinga gjeld:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i Rogaland, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med å bygge eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 315 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me tilrettelagt opplæring i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Sandeid fengsel er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen. Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.