Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 700 elevar og 130 tilsette. Skulen har for tida 38 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, sal, service- og reiseliv, restaurant- og matfag og teknologi- og industrifag. Vi har også landslinje for yrkessjåførar, vaksenopplæring og ansvar for fengselsundervisning. Lokala våre er nye og moderne og vi held til på Fosshaugane Campus.
Vi har godt arbeidsmiljø for dei tilsette og vi legg vekt på å ha gode læringsmiljø for elevane.
Vi har ledig mellombels stilling som miljøkoordinator frå august til og med desember 2026.
Som miljøkoordinatoren vil du vere ein del av elevtenesta og har trivsel og elevmedverknad som hovudansvarsområde.
Du vil ha tett samarbed med rektor i samband med elevrådet og elles eksterne samarbeidspartar som politiet og utekontaktar.
Døme på arbeidsoppgåver: open kveld, skulefrukost, elevråd, arbeid med russ, hybelsamling/ hybelsamtalar, «bli kjend»-aktivitetar, ulike arrangement.
Er dette noko for deg?
Vi ønskjer at du har relevant, høgare utdanning.
Vi ser etter deg som trivst med å arbeide og byggje relasjonar til ungdom og er ein god rollemodell. Du må vere opptatt av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som positiv, raus, fleksibel og omgjengeleg. Samarbeide med andre må du også trivst med.
Lønn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar:
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Stillinga vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igongsett, samt at eventuelle overtallige i Vestland fylkeskommune kan ha førerett til stillinga. Dette vert avklara før tilsetting.
Jorunn Margrethe Vigdal, avdelingsleiar, 48101594
Jorunn Felde, rektor , 95191964
Lunnamyri 2
6856 Sogndal
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5140322468
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 12.06.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.