Avdelingsleiar Dalsøyra barnehage ved eining Dalsøyra barnehage og skule
Eining Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra og Hovden barnehage treng sommarvikarar. I hovudsak vil det vere snakk om arbeid frå 22.06.26 - 03.07.26 og 27.07.26 - 07.08.26. Skriv gjerne i søknaden din om du kan tenkje deg jobb i begge barnehagane eller kun ein av dei. Du kan også ta ein telefon til kontaktpersonane i annonsen om du har spørsmål til utlysinga.
Her kan du lese meir om avdelingane, Dalsøyra og Hovden.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.