Vår avdelingsleiar for barnebustad og avlastning skal ut i permisjon frå august. Vi søkjer derfor etter ein engasjert og nytenkjande avdelingsleiar til vår barnebustad i 100% mellombels stilling. Du må vere oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling. Som avdelingsleiar for barnebolig og barneavlastning vil du ha ansvar for oppbygging og tilbod til barn og unge under 18 år. Du får ansvar for å følgje opp fagleg utvikling, lovkrav og vil ha tett samarbeid med pårørande og tverrfaglege tenester.
Arbeidsstad for stillinga vil vere delt mellom Solbakken bukollektiv- avdeling barnebustad og kontoret til Butenesta i Brattvåg.
Stillinga er ledig frå 17.august.
Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 og 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Den tredje avdelinga er avdeling for barnebustad og barneavlastning.
I Haram bustader jobbar du i team med tenesteleiar, avdelingsleiarar, miljøterapeutar, vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fagarbeidarar og assistentar.
Haram bustader yter i hovedsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på å levere gode tenester med høg kvalitet, fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". I 2025 har avdeling Haram bustader 1 vore med i prosjektet TØRN, dette skal i løpet av 2026 implementerast ut i dei andre avdelingane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Amanda Kristin Rise, Avdelingsleiar barnebustad og avlastning, 91161215, Amanda.Kristin.Rise@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar Haram bustader, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Ulvestadvegen 6
6265 Vatne
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5105763149
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.