Seksjon for ambulante tenester psykisk helse DPS Volda søker ny seksjonsleiar.
Ambulante tenester er ein viktig del av tilbodet til pasientar med psykiske lidingar. Seksjonen består av to team, Akutt heimebehandlingsteam (AHT) og eit nyoppretta FACT-team. Seksjonen held til i flotte lokale midt i Volda sentrum.
Seksjonsleiar deltek i leiargruppa for avdeling for DPS Sunnmøre, og har avdelingssjef som næraste overordna.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her.
Eirik Molvær, Avdelingssjef, +47 70 16 73 00, Eirik.Molver@helse-mr.no
Hamnegata 20
6100 Volda
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5135737561
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal