Heimetenesta i Gol kommune har ansvar for rundt 160 brukarar. Vi søker deg som ønsker å bidra i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester, og som vil jobbe i eit sterkt fagleg og engasjert miljø. Vi er opptekne av kvalitet, fagutvikling og har eit framifrå samarbeid både i personalgruppa og med andre tenester i kommunen.
Vi utfører eit breitt spekter av oppgåver innan førebygging, behandling og tilrettelegging for meistring ved sjukdom, skade og nedsett funksjonsevne. Arbeidsdagen er varierte og det er stadige endringar gjennom dagen. Tenesta blir gitt både i omsorgsbustader og rundt i bygda.
Heimetenesta består av ei personalgruppe med ulik bakgrunn og fagkompetanse. Godt samarbeid er ein føresetnad for å sikre heilskaplege og koordinerte tenester. Medarbeidarane våre er den viktigaste ressursen vi har. Arbeidsmiljøet er prega av profesjonalitet, utvikling og gode relasjonar.
Stillinga på 100 % inneber todelt turnus med arbeid kvar 4.helg med langvakter på 12,5 timer.
Arbeidet omfattar mellom anna støtte i daglege ADLoppgåver, bistand til å oppretthalde god ernæringsstatus, sårstell og medikamenthandtering. Innhaldet i stillinga skal bidra til tryggleik, meistring og sjølvstende for den enkelte brukaren i heimen, og vil dermed variere etter brukarens individuelle behov.
Ein viktig del av arbeidet er å observere og kartlegge helsetilstand, endringar i funksjon og behovet til den enkelte. Relevante observasjonar, kartleggingar, tiltak og arbeidsoppgåver dokumenterast i munnleg rapport og skriftleg journalsystemet.
Du bidreg til å sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester, og til at oppgåver blir utførte i tråd med kvalitetskrav og gjeldande lovverk.
Vi ønsker at du:
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Gyldig politiattest må leggast fram. Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju, og ansiennitet blir rekna ut frå desse.
I søknadsskjemaet er det mogleg å krysse av dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dette må grunngjevast.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar likevel kan bli offentleggjorde, jf. offentleglova § 25. Du vil då bli varsla på førehand, slik at du får høve til å trekkje søknaden.
Benytt elektronisk søknadsskjema.
Alle søkarar får kvittering på at søknaden er motteken, når det er fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Søknadsfrist: 10.05.2026
Link til søknadsskjema:
Søk herGol er utdannings- og handelsknutepunkt i Hallingdal og huser ca. 4 700 innbyggere. Universitetet i Sørøst-Norge etablerer et Campus Hallingdal på Gol i 2024. Vi satser på utdanning, innovasjon og forskning. Golnøklene, samskaping, innbyggerdialog og bærekraft låser opp det ”Gode liv på Gol” for våre besøkende og fastboende. Vi kan tilby svært gode forhold for en aktiv fritid, enten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol ligger midt imellom øst og vest med kort vei til både Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som binder oss sammen med Norges to største byer. Kommunen er inkluderende og familievennlig. Vi har både ny 1-10 skole og ny idrettshall, god barnehagedekning og et variert skoletilbud med både videregående skule, folkehøyskole og snart et universitet.