Setesdalsmuseet er ei avdeling i Aust-Agder museum og arkiv. Vi formidlar og forvaltar både immateriell og materiell kulturarv i Setesdal, og har ein omfattande portefølje med antikvariske bygg. No søker vi etter ein prosjektmedarbeidar som kan registrere dei antikvariske bygga våre i Primus. Dette er ei 40 % stilling med varigheit på seks månader, med moglegheit for forlenging.
Arbeidet inneber
Kartlegging
• Innsamling av eksisterande arkivmateriale, tilstandsvurderingar og rapportar.
• Identifisering av manglar og behov for supplerande arbeid.
• Utforme ein felles mal for registrering av bygningsdata i Primus.
• Klargjere kategorisering, metadata, fotodokumentasjon og systematikk.
• Opprette bygningsposter i Primus.
• Legge inn historiske data, byggetekniske opplysningar, tilstandsvurderingar, restaureringsinformasjon og aktuelle vedlegg.
• Gjennomføre kvalitetssikring av registreringane.
• Samle erfaringar frå pilotperioden.
• Etablere varige rutinar for dokumentasjonsarbeid.
• Vurdere vidare publisering på DigitaltMuseum
Kjennskap til og erfaring med Primus.
Innsikt i digitale system.
Kunnskap om den lokale bygningsarven i Setesdal - god lokalkunnskap er ein føremon.
Vi søker ein medarbeidar som er
- er strukturert og systematisk
- arbeider sjølvstendig og kan leie deg sjølv gjennom eit prosjekt
- samarbeider konstruktivt med medarbeidarar frå ulike fagfelt
- er tolmodig og kan halde tråden i mykje informasjon
- Personleg egnaheit blir vektlagt
På Setesdalsmuseet får du:
Ein fleksibel arbeidsplass
Kunnskapsrike og trivelege kollegaer
Innblikk i spennande bygningshistorie
Hind Helene Harira, Leder/Virksomhetsleder, +4748180180
Setesdalsvegen 3273
4748 Rysstad
Arbeidsgiver: Aust-Agder museum og arkiv
Referansenr.: 5140707914
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026