UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Michael Sars-senteret er det ledig opp til to stillingar som ph.d.-stipendiat knytt til prosjektet «Molekylære, cellulære og utviklingsbiologiske marine livssystem i eit hav i endring». Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der 25 prosent av arbeidstida kvart år er sett av til karrierefremmande arbeid. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Christiaen-laboratoriet nyttar eit breitt spekter av tilnærmingar, mellom anna molekylære, cellulære og embryologiske teknikkar, genomikk – inkludert genomikk på enkeltcellenivå – genomredigering og metodar innan berekningsbiologi, for å studere utvikling og regenerasjon på systemnivå hos kappedyr. Kappedyr, særleg slekta Ciona, gjev unike moglegheiter til å ta i bruk forskingsfronten sine eksperimentelle og berekningsbaserte teknikkar og tilnærmingar for å studere strengdyrutvikling med cellulær oppløysing og på genomskala.
Spesifikt blir systematisk CRISPR/Cas9-mediert mutagenese, biletanalyse med høgt informasjonsinnhald, datavitskap og berekningsbasert modellering nytta for å studere biomolekylære nettverk som styrer spesifisering av cellelagnad og cellulær åtferd, som kollektiv migrasjon og retta asymmetriske celledelingar. Nye forskingsretningar vil ta i bruk kontrollerte dyrkingsvilkår, det naturlege mangfaldet i kappedyrpopulasjonar, genomikk på enkeltcellenivå, kvantitativ biletanalyse, CRISPR/Cas9 og datavitskap for å undersøkje konsekvensane av miljøutfordringar for utviklande embryo på systemnivå. Prosjekta opnar for samarbeid både lokalt og internasjonalt.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Samla stipendperiode er fire år, der 25 % av tida er karrierefremmande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppeleiar Lionel Christiaen, e-post: lionel.christiaen@uib.no eller administrasjonssjef Kristina Håvås Hanson, e-post: kristina.hanson@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgivar Veronica Stålhand, tlf: 55 58 43 74, e-post: veronica.stalhand@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Michael Sars Centre ligg på Marineholmen campus saman med andre forskingsinstitutt ved Universitetet i Bergen. Senteret er organisert som eit sjølvstendig forskingssenter plassert under fakultet for naturvitenskap og teknologi, og er partnar med European Molecular Biology Laboratory (EMBL) i Heidelberg, Tyskland.– Les meir her.