Lustrabui er eit lite handverksbakeri som held til i hjartet av vakre Lustrafjorden. Me søker etter engasjerte og dyktige bakarar til ein travel og kjekk sommarsesong frå mai til september 2026.
Kvalifikasjonar me ser etter:
Erfaring som bakar eller anna relevant erfaring.
Evne å jobbe sjølvstendig og i team.
Fleksibilitet
At du er ryddig og kan jobbe effektivt.
Strukturert, effektiv og komfortabel med travle dagar.
Dine arbeidsoppgåver:
Produksjon av brød, bollar og andre bakevarer.
Sikre jamn god kvalitet på baksten.
Klargjere bakst til kundar.
Arbeidstida kan variere mellom dag og natt.
Me tilbyr:
Ei spanande sesongstilling i ei bygd med nydeleg natur på alle kantar.
Mogelegheit til å utvikle deg fagleg og jobbe kreativt.
Konkurransedyktige vilkår.
Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø.
Lustrabui er eit lite handverksbakeri som held til i hjartet av vakre Lustrafjorden. Bakeriet ligg i den vesle bygda Luster som er eit paradis for friluftsentusiastar.