Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med mennesker med ulike utfordringar, og som vil vere med å utvikle og kvalitetssikre tilbodet om dagtilbodet til brukargruppa.
Stillinga er knytt til seksjon Hamna dagsenter, og er organisert under avdeling bu og habilitering i helse og omsorgs sektoren. Hamna dagsenter er eit interkommunalt dagtilbod til mennesker med ulike utfordingar frå Volda og Ørsta kommune. Personalgruppa består av engasjerte medarbeidarar som er opptekne av fagleg utvikling og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den enkelte står i fokus. Vikariatet er f.o.m.03.08.26-21.03.27.
Liv Bente Grothaug, Seksjonsleiar Hamna, 48061154, liv.bente.grothaug@volda.kommune.no
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Joplassvegen
6100 Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5143096866
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 21.03.2027
Søknadsfrist: 28.06.2026
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Fleire ledige stillingar i Volda kommune