Vil du vere med og forme framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar til Bismotunet bufellesskap. Her får du ei sentral leiarrolle med ansvar for fag, drift og utvikling -- i eit sterkt fagmiljø som satsar på meistring, kvalitet og ny teknologi.
Vi treng ny avdelingsleiar for Bismotunet bufellesskap i 100% stilling, og søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar som vil vere med og vidareutvikle tenestene -- både fagleg og organisatorisk. Stillinga er ledig frå august.
I Skjåk kommune arbeider vi aktivt for å utvikle framtidsretta helse- og omsorgstenester i takt med innbyggjarane sine behov. Vi har eit sterkt fagmiljø og eit moderne bufellesskap personar med behov for tilrettelagde tenester. Meistring, kvalitet og gode individuelle løysingar står sentralt i arbeidet vårt.
Vi er aktive i utviklinga av meistringsteknologi, og utforskar korleis teknologi kan støtte bebuarane si sjølvstende, tryggleik og deltaking i eige liv. Dette gir spennande moglegheiter for deg som leiar til å bidra i utviklingsarbeid.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å sikre gode tenester til bebuarane våre og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Du har ansvar for dagleg drift, journalføring, samordning og leiing av tenesta, og fagleg kvalitet og personaloppfølging.
Du samarbeider tett med tenesteleiar om dagleg drift, bemanning og utvikling av tenestene, og er stedfortredar ved fråvær. Stillinga er for tida dagarbeid.
Leie og vidareutvikle avdelinga med fokus på meistring, kvalitet og gode tenester
Planleggje og sikre forsvarleg drift og rett bemanning i samarbeid med tenesteleiar
Følgje opp, rettleie og støtte fagansvarlege, samt samordne fagarbeidet
Sikre god dokumentasjon og ivareta journalansvar
Planleggje og gjennomføre opplæring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
Ansvar for relevante fagsystem
Leggje til rette for kompetanseutvikling og læring i avdelinga
Bidra til utvikling og bruk av meistringsteknologi
Samarbeide med helse- og omsorgstenester, skule, arbeidstilbod og spesialisthelsetenesta
Bidra til eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, faglegheit og respekt
Andre oppgåver kan bli lagt til stilling
Relevant treårig høgskuleutdanning
Leiarerfaring er ønskjeleg
Erfaring frå arbeid med personar med samansette behov er ønskjeleg
Erfaring i arbeid med og kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Førarkort klasse B
Godkjend politiattest
at du er tydeleg, trygg og engasjert i leiarrolla
at du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere medarbeidarar
at du er strukturert, fleksibel og utviklingsorientert
at du har interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
at du har evne til og er fleksibel i høve til omstilling
at du har god digital kompetanse og interesse for meistringsteknologi
tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettast til Kari Gjelbakken, telefon 45 34 39 53
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no.
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.