Som aktivitetsvert for ferieaktivitetar er du med i ei gruppe som lagar til morosame og spennande aktivitetar for barn og ungdom i 5.-10.-klasse i Vinje kommune. Me grillar, badar, syklar og reiser på tur til Sommarland i Bø. Me køyrer gokart, ser film, spelar fotball og gjer mange andre ting saman gjennom sommaren. Du som er aktivitetsvert er med på å finne på ting, passe på barna slik at dei er trygge og har det bra, og du hjelper til med å gjennomføre aktivitetar slik at dei er trygge, inkluderande og morosame.
Målet for ferieaktivitetane er at alle som er med skal få gode opplevingar, og hugse sommaren 2026 som ein skikkeleg bra sommar!
Vert du tilsett som aktivtetsvert for ferieklubben kan du rekne med å jobbe opp mot 20 dagar i løpet av sommaren. Sommarskulen har som regel 2-3 dagar aktivitet i veka.
Erfaring frå arbeid med barn og unge, til dømes:
Du må ha fylt 18 år.
Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid eller pedagogikk er eit pluss, men ikkje eit krav.
Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden
Har du peiling på surfing, dataspel, fjellklatring, filmskaping, rullebrett, sykling eller andre aktivitetar som er morosamt å drive med på sommaren, så er det eit pluss.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Det er krav om politiattest. Godkjend attest må leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5123779656
Stillingsprosent: 40%
Engasjement
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 19.05.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!