Er du vår nye seksjonsleiar ved medisinsk sengepost 1 SNR, sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)?
Sengepost Medisin 1 SNR har ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar frå 01.06.2026. Oppstart i stillinga, etter avtale med leiar.
I slutten av april 2025 flytta vi inn i nye lokaler på Hjelset. Sengeposten har 15 senger og ligg i 6 etg., og er samlokalisert med sengepost kirurgi.
Sengepost Medisin 1 inneheld fagområda kreft, palliasjon og hematologi. Du vil inngå som ein del av leiargruppa ved medisinsk avdeling og ha leiaransvar for sjukepleiarane, helsefagarbeidarane og assistentane som er knytt til sengeposten. Legar og anna støttepersonell vert leia av sine respektive seksjonsleiarar. Du vil samarbeide tett med leiarar for dei andre sengeområda, akutt 24, intensiv og akuttmottak.
Sengepostane Medisin 1,2 og 3 har ein viktig funksjon i sjukehuset sitt akutt beredskap, og vi er stolte av å kunne arbeide i nye og tilrettelagte lokaler med nytt medisinsk teknisk utstyr. Det er stort fokus på fagleg utvikling blant våre tilsette, og vi har eit godt samarbeid med ansvarlege legar for dei ulike fagområda.
Vi søkjer etter ein leiar som brenn for fagleg utvikling, er løysingsorientert og som bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Vi håper derfor at du har lyst til å leie og utvikle sengeposten til det beste for tilsette og pasientar.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har fleire tverrgåande klinikkar som ligg under Helse Møre og Romsdal HF. Den somatiske aktiviteten på Hjelset er samla under klinikk SNR, med lokalt plassert klinikksjef. Stillinga som seksjonsleiar er plassert under avdelingssjef medisin SNR.
Petter Rangnes, Avdelingssjef, 93213181, Petter.Rangnes@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5112171645
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2026