Tenesteleiar
Vi har ledig fast stilling i 80 % som sjukepleiar/vernepleiar i miljøterapeutisk team i tenesteområde Psykisk helse og rus. Stillinga er på dagtid, med unntak av ei helg i månaden der ein er knytt opp til omsorgsbustader med tilgang til personal.
Psykisk helse og rus er eit tenesteområde i kommunalområde Livsløp. Andre tenester i kommunalområdet er bla. NAV, fysio- og ergotenester, legetenester, integrering, samt tenester for barn og unge, som helsestasjon, barnevern og pedagogisk fagsenter.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med mål om gode, heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarane. Psykisk helse og rus er eit satsingsområde i kommunen og har særleg jobba med å utvikle og å differensiere tenestetilbodet. Målsettinga for tenesta er å bidra til at personar i målgruppa opplever meistring i eige liv ut frå dei føresetnadane ein har.
Anita Lianes, Avdelingsleiar, 92665490, Anita.Lianes@haram.kommune.no
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, Elly.christine.Volsdal.Slettvoll@haram.kommune.no
Brattvåggata 19
6270 Brattvåg
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5137922901
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.