Planfaget i Nordplan har ei sterk forankring i organisasjonen og ein lang historikk. Fagmiljøet består av 19 medarbeidarar lokaliserte på fleire av kontora våre.
Vi opplever aukande oppdragsmengde og søkjer etter dyktige og engasjerte medarbeidarar innan planfaget i Førde
Kvalifikasjonar:
Bachelor/Master innan planlegging, naturfag, arkitektur eller landskapsarkitektur
Minst 5 års planleggingserfaring
Gjerne erfaring med kartprogram/visualisering.
God kunnskap i norsk -- skriftleg og munnleg
Gjerne erfaring med by- og tettstadsutvikling
Personlege eigenskaper:
Engasjert, initiativrik og ansvarsbevisst
Gode samarbeidsevner og ein dyktig lagspelar
Kvalitetsbevisst, analytisk med god heilskapsforståing
Løysningsorientert, strukturert og beslutningsdyktig
God marknads- og kundeforståing
Planavdelinga arbeider med eit breitt spekter av oppgåver -- frå by- og tettstadsutvikling og reiseliv til større planoppdrag gjennom rammeavtalar og offentlege anskaffingar. Du vil arbeide tett med arealplanleggjarar, arkitektar og ingeniørar i eit integrert fagmiljø.
Vi er i utvikling og ser etter deg som vil bidra aktivt -- både fagleg og med marknadsbygging.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
· Utarbeiding av plandokument, inkludert plankart
· Gjennomføring av planprosessar, prosjektleiing og kundekontakt
· Moglegheitsstudier, konseptutvikling og stedsanalyser
· Visualisering/3D-modellering
· Utarbeiding av planprogram og konsekvensutgreiingar
Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer.
Vi er rådgjevarar både på små og store oppgåver, og arbeidet er difor variert og utviklande.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, samt fleksibel arbeidstid.
Nordplan AS Nordplan AS er eit tverrfagleg rådgjevingsmiljø med over 100 medarbeidarar, fordelte på kontor i Ålesund, Ørsta, Nordfjordeid, Stryn, Førde, Bergen, Stord, Vågå, Lillehammer og Oslo.