Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2
Medisinsk avdeling Ålesund har ledig eit kombinert 100% vikariat med varigheit på eitt år. Stillinga er knytt til Medisinsk poliklinikk, f.t. Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar, og Medisinsk sengepost 2. 80 % av stillinga er ved Medisinsk poliklinikk f.t Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar og 20 % av stillinga er ved medisinsk sengepost 2 med arbeid 3.kvar helg. Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Medisin 2 er ein heildøgns sengepost med 24 senger, der ein gir medisinsk behandling og pleie primært til pasientar med sjukdommar innan nefrologi, endokrinologi, infeksjon og gastroenterologi. Vi tar i tillegg imot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Til poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av sjukdommar i lever, bukspyttkjertel, gallevegar og mage- og tarmsystemet. Vi har etablert screeningsenter for tarmkreft og Behovsstyrt oppfølging IBD
Som sjukepleiar ved poliklinikken vil du m.a assistere ved gastroskopi og koloskopi.
Sjekk ut Instagram: gastromedpol_alesund og medisin2_hmr
Vi tilbyr deg som sjukepleiar ein spennande og givande arbeidskvardag, med eit bredt spekter innanfor sjukepleiarfaget, fordelt på poliklinikk og sengepost. Stillinga er ledig frå snarleg for opplæring. Vi har fokus på helsefremjande turnus med minst mulig A/D vaktbelastning.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ved Poliklinikk for mage-tarmsjukdommar:
Ved sengepost:
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk, 70105742, Ann-Helen.Tryggestad.Arthur@helse-mr.no
Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2, 70105792, Marthe.Farstad@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5084448672
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.05.2026