Sæthre legekontor skal utvide og flytte inn i nye lokaler, og i samband med dette har me nyoppretta 70% stilling for helsesekretær / sjukepleiar.
Me søker deg som har røynsle med pasienthandtering, laboratoriearbeid og blodprøvetaking. Arbeidsoppgåvane vil i hovudsak vere lab / resepsjonsarbeid, som sjukepleiar vil du og kunne få utvida oppgåver med pasientoppfølging.
Som tilsett hjå oss oss vil du være vårt andlete utad. Du møter pasientane våre i resepsjon, via e-kontakt og på telefon, og bidreg til at pasientane føler seg sett og ivaretatt.
Me ønsker ein søknad frå deg som er positiv, fleksibel, har sterke mellommenneskelege ferdigheiter, og møter pasientar med tryggleik og respekt. Me ønsker å byggje eit arbeidsmiljø med fokus på trivnad og godt samarbeid.
Laboratoriearbeid, inkludert blodprøvetaking, EKG og spirometri
Pasientmottak og generell pasienthandsaming
Ekspedisjonsarbeid og betjening av telefon og e-kontakt
Timetinging, reseptfornying og enkle administrative oppgaver
Skiftestovearbeid, sårstell og injeksjonar
Klargjering av behandlingsrom og medisinsk utstyr
Bidra til orden, reinhald og gode hygiene-rutiner
Samarbeid med legar og øvrige tilsette for god pasientflyt
Gode arbeidsvilkår
Eit varmt, hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø
Gode kollegaer som vil kvarandre vel
Varierte og spanande arbeidsoppgåver
Arbeidsspråket er nynorsk
Oppstart etter avtale, tentativt oktober
Meir informasjon kan du få ved å kontakte Jacob Sæthre på tlf. 994 76 152, men send gjerne ein sms først for å avtale tid.
Send søknad med kopi av attestar og vitnemål, samt kontaktinfo til referansar, tilpost@drsaethre.noinnan søknadsfrist 8.5.26.
Fastlegekontoret skal flytte inn i nye kontor sentralt på Vangen, og vil frå hausten utvidast til 3 legar. Kontoret er godt utstyrt, og nyttar Infodoc i sky som journalsystem.