Er du ein fagleg engasjert helsefagarbeidar som ønskjer ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø?
Då ein av våre dyktige kollega går av pensjon får vi ledig ein 85% stilling som helsefagarbeider i avdeling Nord.
Hos oss får du ein variert og lærerik arbeidskvardag, der du får brukt heile kompetansen din – i tett samarbeid med kollegaer og fagpersonar. Vi held til på Kvernaland omsorgssenter og har bufellesskap for eldre, dagsenter og heimetenester ute hos brukarane.
Me har vår eigen fagutviklar og tilknytte fagressursar som demenskoordinator, kreftkoordinator og ernæringsfysiolog i verksemda.
Det er krav om politiattest.
Pleie- og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim og i bufellesskap i tråd med vedtak.
Dokumentasjon etter lov og forskrift.
Samarbeid med kollegaer på tvers av faggrupper og på tvers av avdelingar i verksemda.
Brukar- og pårørandesamarbeid.
Rettleiing av elevar og lærlingar.
Turnus med arbeid kvar 3. helg. Me arbeider med å utvikle arbeidstidsordningne våre. Dersom du har spesielle ønsker og behov, til dømes ynskje om langvakter, ber me om at du oppgjer dette i søknaden din.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Offentleg godkjenning, helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
Erfaring frå heimetenester- og rehabilitering vert vektlagt
God kjennskap til IKT verktøy og dokumentasjon.
Evne og vilje til å tileigna seg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet, for eksempel innan velferdsteknologi og IKT verktøy.
Du er fleksibel til å arbeida på tvers i verksemda.
Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg.
Du må ha sertifikat for personbil.
Det er krav om politiattest.
Menn oppfordres til å søke
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Ønsker du å få eit innblikk i vår kvardag sjå filmen vår under her:
https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
Maria Lisa Skulbru Knutsen, Leiar, 98864805, maria.lisa.skulbru.knutsen@time.kommune.no
Gamle Åslandsvegen 27
4355 Kvernaland
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5140721414
Stillingsprosent: 85%
Fast
Søknadsfrist: 12.06.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.